Ein kaffikopp her, og ein kaffikopp der...
Kaffi er ein nok så populær drikk og har nesten blitt eit heilagt ritual for mange å drikke, spesielt om morgonen. Kor mange av oss trenger ikkje ein kopp kaffi for å vakna? For ein del menneske, er nok ein kopp kaffi om rein nyting. Dessverre, for dei fleste av oss, handlar kaffi meir enn bare god smak. Fordi kaffi inneheld koffein, sver mange til denne drikken for å komma seg gjennom kvardagen. Koffein er ein av dei godkjente stimuliane me har på marknaden som har vist seg å vera prestasjonsfremmande, både fysisk og psykisk. Ein av ulempene er at ein fort kan bli avhengig av koffein – alt for mange av oss har lett for å drikka for mykje, for ofte. For ein del, er eit høgt inntak av koffein strengt tatt heilt naudsynt for å kunna føla seg opplagt og meistra det jobb og familieliv har å by på. For ikkje å snakke om studentar – gjennom ein eksamensperiode går det fort ein liter kaffi dagen.
Eit slikt inntak kan skapa problem for helsa vår. Tenner kan bli misfarga og ein del kan få sure oppstøyt og øvre mage smerter. Men det eit høgt inntak av kaffi og koffein går mest utover, er søvnen vår. Koffein hindrar oss i å produsera søvn hormonet melatonin – dette gjer at me ikkje klarar å falla like fort inn i djup søvn. Det mange ikkje veit er at kaffi har ei halveringstid rundt 5 timar. Forklart litt meir, vil du fortsatt ha halvparten av koffein dosen du konsumerte klokka 5 om ettermiddagen, i kroppen klokka 10 om kvelden. For enkelte, kan faktisk halveringstida av koffein vera heile 10 timar. Derfor kan det vera lurt å kutta ut kaffi drikkinga etter lunsj for å få å sikra seg ei god natt søvn.
Dersom du er typen til å drikka ein kopp kaffi rett for leggetid og likevel sovna i det du legg deg på puta, vil du kanskje tenka at kaffi ikkje hindrar din søvn – her tek du feil. Ein stor studie gjort på studentar, har vist at eit inntak av koffein før leggetid vil redusera søvnkvalitet og at individ derfor vil føla seg meir trøtte og uopplagde dagen etter til tross for at dei fekk dunka 7-8 timar søvn. Og det er her problemet kjem – kva gjer ikkje trøtte studentar og foreldre når dei vaknar trøtte og uopplagde? Dei tek inn enno meir kaffi neste dag for å meistra skulearbeid eller jobb. Viss dette fortsett, vil ein til slutt komma i ein vond sirkel av kaffi vanar. Dette er stadiet kor inntak av kaffi utviklar seg til å bli ein negativ stimulans i kvardagen som forstyrrar nattesøvn og energi overskot. Alt for mange undervurder kor mykje søvn har å seia for dagleg prestasjon – regelmessig søvn av høg kvalitet vil «boosta» både evna til å trena, jobba og studera på lang sikt mykje meir enn det fleire dosar kaffi og koffein vil gjera. Mens du søv, startar kroppen i gong viktige restitusjonsprosessar, blant anna essensiell produksjon av anabole hormon som bygg opp sterkare vev og muskulatur som har tidligare blitt øydelagde gjennom trening. Søvn er og viktig for å oppretthalda eit sterkt og solid immunforsvar – noko alle burde prioritere i desse korona tider.
Husk at energidrikkar, te og andre leskedrikkar som pepsi max og inneheld ein viss dose koffein så det kan vera lurt å vurdera inntaket av disse drinkane i tillegg til kaffi drikkinga. Prøv å unngå å bli underordna kaffi og effekten av koffein – det vil aldri kunna likestilla seg med god søvn.
Skreve av Alexsandra Nordtun
MSc kiropraktor student
ISSA sertifisert PT
Kjelder:
- O´Challaghan et al. 2018: Effects of caffeine on sleep quality and daytime functioning.
- Orberta et al. 2006: High caffeine intake in adolecents: associations with difficulity sleeping and feeling tired in the morning.