← All news

Kvardagshelt ambassadør Petter

Hei alle sammen!

Mitt namn er Petter Maurseth Blindheim, eg er 29 år og er så heldig å få være kvardagshelt ambasadør på Fitnesspoint Lillehammer. 

Eg er født og oppvokst på Voss på Vestlandet. I oppveksten dreiv eg med det meste av idrett, eg har vert innom blant anna fotball, håndball, svømming, langrenn, sykkel og litt turn. I 2011 flytta eg til Lillehammer for å satse aktivt på langrenn, å prøve å bli best mulig. Eg gav meg i 2013, då eg fant ut at vegen opp til å bli blant dei beste var for lang. Etter eg la opp har eg heile tida prøvd å finne den beste måten å trene på, imellom jobb og alt anna ein skal gjere i løpe av ein dag. Eg har etter mange år med prøving å feiling klart å finne noko som passar for meg. Noko av dette skal eg prøve å dele her. Sidan eg la opp har eg vert involvert som trener og leder i langrenn, og jobber i dag som Sportssjef langrenn i Lillehammer skiklub. Eg er utdanna adjunkt med opprykk i faga idrett, historie og samfunnsfag.

Som Kvardagshelt ambassadør skal eg prøve å komme med mine tips og triks for å finne gleden og motivasjon ein treng for å trene. Eg skal komme med gode og enkle økter som gjer det enklare og kjekkare å gjennomføre treningen. Første treningstips for å skape motivasjonen kjem allereie her, og er retta mot uthaldstrening. På Fitnesspoint Lillehammer har dei ein stor uthaldsavdeling med mange tredemøller. Her kjem ei av mine favoritt økter på tredemølla. Ein setter mølla på 4 prosent stigning, og varmar opp i 10 til 15 min. Mot slutten av oppvarming legger ein inn nokre fartsøkninger for å finne ein fart for intervallen. Intervallen vil være (45/15 x 5) x 3-4 med 2 min pause. Det vil sei at ein springer i 45 sek med høg intensitet, før ein hopper på siden og står i ro i 15 sek. Før ein starter på ein ny 45 sek med høg intensitet. Dette gjentar ein 5 gonger før ein har ein tar pause i 2 min, og starter på ein ny runde. Dette gjentar ein 3 til 4 gonger alt etter form. Det er viktig å finne ein fart som ein klarer å halde igjennom heile intervallen.

Min opplevelse er at motivasjon til trening ofte kjem etter framgang ein opplever i forbindelse med trening. Så når eg spring slike intervaller, noterer eg alltid ned stiging og fart på dei ulike draga på notater på mobilen min, eg tar også med om det var det var lett eller tungt. Gjennomfører ein denne økta 1 gong i veka, vil ein sjå på notatene at farten har gått opp, noko som vil gjere ein meir inspirert til fleire økter.

Me snakkas på Fitnesspoint i Kirkegata!

Petter

Become a member at Fitnesspoint