← Alle nyheter

Møt vår nye Sentervert!

Hei! Eg heiter Camilla, er 38 år og kjem frå Stord. Eg er mamma til tre, utdanna helsefagarbeidar og har jobba i kommunen sidan 2012. No er eg klar for eit nytt kapittel, som ein del av gjengen på Fitnesspoint!

Treningsreisa mi starta tilbake i 2011, og sidan den gang har trening blitt ein viktig del av livet mitt. Eg liker aller best løping og tung styrketrening. Om eg må velge éin favorittøvelse, må det bli markløft. 

Tøying derimot… det har eg ikkje heilt funne tolmodigheten til. 

For meg handler trening om meir enn berre kilo på stanga, kilometer på mølla eller talet på repetisjonar. Eg syns det beste med eit treningssenter er stemninga og menneskene. Eg føler meg heima på Fitnesspoint, og håper eg kan bidra til at senteret blir ein plass der folk trivst, møter andre og føler seg velkomne, uansett om ein er heilt fersk eller har trent i mange år.

Når eg ikkje trener, er det familien som står i fokus med leik og morro, og det å vera ute og aktiv. 

Ellers er eg nok litt for glad i sko og klær og eg har eit ganske solid inntak av energidrikk. 

Og musikk? Der finnes det ingen fasit. På trening kan du finne meg med alt frå Spice Girls til metal på øyrene. Det viktigaste er tydeligvis at det gir meg lyst til å løfte tungt!

Eg gleder meg masse til å bli kjent med både nye og gamle medlemmer, og håper de tar turen bortom for ein prat. Me sjåast på Fitnesspoint! 

Bli medlem hos Fitnesspoint